Her får du fem varierte oppgåver i rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling. Oppgåvene eignar seg godt som gruppearbeid.

- Finn jobbannonsar på nettet innanfor sal eller kontor og administrasjon. Lag ei liste over kva formelle kvalifikasjonar føretaka er ute etter, og kva eigenskapar dei ser etter.
- Søk under Lovdata på arbeidsmiljølova og finn ut om ein arbeidsgivar har plikt til å informere arbeidstakarane om ledige stillingar i verksemda.
- Kartlegg kor mange i klassen som jobbar ved sida av skulen, og kor mange av desse som har signert ein arbeidskontrakt. Viss kontrakt: Tilfredsstiller kontrakten krava som arbeidsmiljølova § 55 stiller? Viss ingen kontrakt: Har de i samsvar med lova krav på ein slik avtale?
- Førebu din første arbeidsdag på ein arbeidsplass. Skriv ned nokre tankar om kva du bør passe på å gjere og ikkje gjere.
- Forsøk å finne ut av kva slags frynsegode som er typiske for ein salsmedarbeidar, ein kontor- og administrasjonsmedarbeidar eller ein vektar.
Sist oppdatert 16.05.2018
Tekst: Oddvar Torgersen (CC BY-SA)