I denne oppgåva skal du fortelje om di erfaring frå utplassering i bedrift og korleis du blei motteken i starten.

Gå saman i grupper på tre–fire personar, og fortel kvarandre korleis de blei mottekne på praksisplassen. Noter ned følgjande: Kva var bra, og kva kunne vore gjort annleis? Lag ei liste med punkt, og legg den fram for klassen. Éin person i klassen får ansvaret for å samle inn punkta frå alle gruppene for å lage eit felles dokument for klassen.
Sist oppdatert 01.05.2018
Tekst: Oddvar Torgersen (CC BY-SA)