Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Tilsetjingsavtale og introduksjon

Valet av kven bedrifta skal tilsetje i den ledige stillinga, er gjort, men viktige oppgåver står framleis att. Ein tilsetjingsavtale skal lagast, og den nytilsette skal presenterast (introduserast) på arbeidsplassen.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
To kvinner gir hverandre et håndtrykk på et kontor. Foto.

Tilsetjingsavtale

Tilsetjingsavtalen, eller arbeidsavtalen, er eit juridisk dokument som omtaler rettane, pliktene og lønns- og arbeidsvilkåra for den tilsette.

For eit arbeidsforhold med ei samla varigheit på meir enn éin månad, må avtalen liggje føre i skriftleg form seinast ein månad etter at arbeidsforholdet tok til. For arbeidsforhold med kortare varigheit, må ein skriftleg avtale inngåast med ein gong.

Arbeidsmiljølova § 55 stiller opp reglar for innhaldet i ein arbeidsavtale. Arbeidsavtalen må minst innehalde opplysingar om identiteten til partane, adressa til arbeidsplassen, ei beskriving av arbeidet eller tittel, stilling eller arbeidskategori.

Vidare må avtalen vise når arbeidsforholdet trer i kraft og – viss arbeidet er mellombels – forventa varigheit.

Arbeidsavtalen skal også innehalde opplysingar om arbeidstid, ferie, feriepengar, oppseiingsfristar, lønn og eventuelt godtgjering som ikkje inngår i lønna.

Introduksjon

Det bør lagast rutinar for introduksjon på arbeidsplassen, slik at den nytilsette blir teken hand om på ein god måte i den viktige startfasen. Ei ording med «fadder» er å anbefale.

Ein fadder er ein kontaktperson som kjenner verksemda og arbeidsoppgåvene godt og bør kunne gi god og praktisk informasjon. Fadderen skal også bidra til at den nytilsette blir ein del av arbeidsmiljøet og trivst på jobben.

Gruppeoppgåve

Drøft kva ein fadder bør og ikkje bør gjere.

Sist oppdatert 08.05.2018
Tekst: Oddvar Torgersen (CC BY-SA)
Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar