Den første syntetiske organismen blir skapt i 2010: Bakterien «Synthia». Dette åpner for store moglegheiter, men veit vi nok om moglege konsekvensar?

Nye moglegheiter gir nye utfordringar
Utvikling av ein ny teknologi for å lage eller syntetisere lange DNA-trådar utanfor ei celle har gjort dette mogleg. Denne teknologien kallar vi syntetisk biologi, og mange har tru på at denne teknologien skal gi verda nok energi og samtidig redusere drivhuseffekten. Teknologien har òg potensial til å skaffe oss betre medisinar og til å sikre nok mat til alle.
Craig Venter først ute med syntetisk liv

Dr. J. Craig Venter jobbar med kontroversiell syntetisk biologi. Instituttet hans har klart å lage kunstig DNA, og i 2010 skapte dei den første syntetiske bakterien som kan formeire seg. Venter vil skape nye organismar for å lage rein energi og medisinar.
For forskarane og for den biologiske industrien er syntetisk biologi eit kraftig verktøy som kan brukast til å lage nye organismar. Det er eit håp at desse nye organismane kan brukast til å skaffe verda energi, mat, nye medisinar som vi har stort behov for, og raskare produksjon av betre vaksinar slik at færre blir sjuke. Samtidig kan teknologien, viss han kjem i feil hender, brukast til å lage nye farlege virus og bakteriar som kan misbrukast til terror og i krig.
Håp og uro
Nyheita om syntetisk liv har skapt debatt om det er riktig å skape nytt liv. Somme kritiserer forskarane for at dei leiker Gud, og mange er uroa for konsekvensane av å introdusere nye organismar i naturen.

Oppgåve
Kva meiner du? Er det riktig å skape nye livsformer?