Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Lagring av biologisk materiale

Få oversikt over kva ein biobank er, og kva han kan brukast til. Set deg inn i nokre etiske dilemma knytte til lagring av biologisk materiale.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Mange reagensrøyr med blodprøver. Foto.

Del 1

Sjå filmen Biobanker: levende innskudd og svar på spørsmåla under:

  1. Kva er ein biobank? Gi døme på materiale som kan lagrast i ein biobank.
  2. Kva blir lagra i Svalbard globale frøhvelv? Kvifor er det oppretta, og kvifor er det plassert på Svalbard?
  3. Politiet har ein eigen biobank med biologisk materiale frå ei rekkje menneske. Kven er registrerte i denne biobanken, og korleis blir han brukt?

Del 2

I nokre situasjonar er det vanskeleg å avgjere kva som er rett og gale. Eit dilemma er ein situasjon der det finst fleire ulike alternativ, men ikkje nødvendigvis ei riktig løysing. Dette kan gjere det vanskeleg å handtere slike situasjonar.

Set deg inn i dei etiske dilemmaa som er beskrivne i dei to casane. Prøv å svare på dei tilhøyrande spørsmåla.

Case 1

Tenk deg at nokon vil forske på biologisk materiale frå deg som ligg lagra i biobanken på eit sjukehus.

  • Ønskjer du å bli spurt før forskarane set i gang, eller er det godt nok for deg at forskingsprosjektet er godkjent av ein etisk komité?
  • Skal biologisk materiale frå deg kunne lagrast òg etter din død?
  • Meiner du at familiemedlemmene dine bør bli spurde før forskarar kan undersøkje gena dine etter din død?
  • Skal familiemedlemmer kunne be om undersøking av gena dine for å finne ut om dei disponerer for arveleg sjukdom?
  • Viss forskarar finn ut at du kan utvikle ein sjukdom – vil du vite det?
  • I kva tilfelle ønskjer du å bli kontakta?

Case 2

Tenk deg at du er lege, og at du ønskjer å byggje opp ein biobank med blodprøver frå pasientar og familiane deira for å leite etter arvelege årsaker til eggstokkreft.

  • Diskuter kva du bør passe på når du lagar ein biobank med biologisk materiale frå pasientar og familiane deira.

Del 3

Diskuter dei etiske dilemmaa med ein medelev i klassen.

  • Finst det eit enkelt svar på kva det er riktig å gjere?
  • Har de sjølv nokon gong opplevd eit etisk dilemma? Del erfaringar med kvarandre.
  • Korleis løyste de problemet?
  • Diskuter kva andre val de kunne ha teke i dei ulike situasjonane.
Sist oppdatert 16.01.2021
Tekst: Snöball Film AS, Camilla Øvstebø og Martin Frank (CC BY-SA)

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar