LK06

Tenk deg at du fekk vite at du kom til verda ved hjelp av preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) for å vere blodgivar for ein eldre bror eller ei eldre syster. Kva ville du følt då, trur du?
- Tenk deg at det er du som skal avgjere om verda skal bruke genmodifiserte organismar (GMO). Set opp argument for og imot, og legg fram ein konklusjon.
- Diskuter:
- Kven bør avgjere kvar dei etiske grensene går i spørsmål knytte til stamceller og kloning?
- Kven har kompetanse til å ta desse avgjerdene?
Legane? Regjeringa? Stortinget? Etikk-komitear?
Folket, i form av for eksempel folkeavrøystingar?
- Kor mykje må vi vite for å kunne gjere etiske val?
- Diskuter: Tenk deg at du fekk vite at du kom til verda ved hjelp av preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) for å vere blodgivar for ein eldre bror eller ei eldre syster. Kva ville du følt då, trur du? Ville du tenkt:
- at du var ekstra verdifull fordi familien din hadde bruk for deg?
- at du ikkje var ønskt for anna enn blodet ditt?
- at det kanskje ikkje er så spesielt, eigentleg? I fleire land ønskjer foreldra seg mange barn for at dei skal kunne brødfø foreldra sine i alderdommen.
Sist oppdatert 16.11.2018
Tekst: Øyvind Bønes (CC BY-NC-SA)
Rettshavar: NKI Forlaget