LK06

- Kva meiner vi med omgrepet varme?
- Kva meiner vi med omgrepet temperatur?
- Korleis kan vi få vatn til å koke ved romtemperatur?
- Kva skjer med ein gass når gassen blir pressa raskt saman?
- Forklar kva vi meiner med kondensering. Gi eit døme på kondensering frå dagleglivet.
- Kva skjer med ein gass i ein behaldar dersom trykket i han brått minkar?
- Forklar kva som skjer i ein fordampar, ein kompressor, ein kondensator og ein ventil.
- Mange varmepumper hentar varme frå lufta ute. Kva for andre "stader" kan varmepumper hente varme frå?
- Forklar kva vi meiner med varmefaktoren for ei varmepumpe.
- Kva for miljøgevinstar kan vi oppnå ved å installere varmepumpe, trur du?
Sist oppdatert 20.06.2018
Tekst: Nils H. Fløttre (CC BY-SA)
Rettshavar: NKI Forlaget