Bruk simuleringa til å undersøkje samanhengar mellom varme, trykk og temperatur.
LK06
Aggregattilstandar
Gå til “Tilstandar”
Prøv ut dei ulike innstillingane i denne simuleringa, og prøv å svare på spørsmåla.
- Beskriv kva som skjer med partiklane når du tilfører varme til behaldaren.
- Kva skjer med temperaturen når du tilfører varme til behaldaren?
- Ut i frå det du har observert, kva er samanhengen mellom varme, temperatur og rørsle hos partiklane?
- Beskriv korleis atom og molekyl rører seg i dei ulike fasane (aggregattilstandane). Forklar.
Gå til “Faseendringar”
Prøv ut dei ulike innstillingane i denne simuleringa, og prøv å svare på spørsmåla.
- Kva skjer med trykket i behaldaren når du presser ned lokket med fingeren? Korleis påverkar dette temperaturen i behaldaren?
- Beskriv rørsla til atoma/molekyla i behaldaren.
- Korleis kan ein auke temperaturen i ein behaldar, utan å tilføre varme?
- Forsøk å senke trykket i behaldaren, utan å røre på fingeren eller bruke sykkelpumpa. Kva gjer du?
Sist oppdatert 24.08.2018
Tekst: Thomas Bedin (CC BY-SA)