LK06

- Økologi er læra om samspelet mellom dei levande organismane og miljøet dei lever i.
- Naturen består av levande (biotiske) og ikkje-levande (abiotiske) delar.
- Eit økosystem er ein naturtype med organismar tilpassa eit bestemt naturmiljø.
- Vi bruker omgrepet økologisk nisje om det biotiske og abiotiske miljøet som ein art treng for å leve.
- Vi deler dei biotiske faktorane inn i tre grupper: produsentar, konsumentar og nedbrytarar.
- Næringsstoffa blir overførte frå ein organisme til neste organisme. Ei slik rekkje av organismar blir kalla ei næringskjede.
- Vi kallar kvart ledd i næringskjeda eit trofisk nivå.
- Eit næringsnett er summen av fleire næringskjeder.
- Energi og stoff beveger seg gjennom økosystemet på ulike måtar. Stoff blir brukte på nytt i krinsløp, men energi må stadig bli fylt på i form av sollys.
Sist oppdatert 20.12.2018
Tekst: Ragnhild Kjeldsen (CC BY-SA)