Oppgåver om økosystem, næringskjeder, næringsnett og krinsløp.
LK20

Økosystem - næringskjeder - næringsnett - krinsløp
- Kva er eit økosystem?
- Kva slags delar finn vi alltid i eit økosystem?
- Kva slags biotiske faktorar (levande delar) finn vi i økosystema?
- Nemn 5 abiotiske faktorar (ikkje levande delar) som påverkar livet i eit myrtjern.
- Prøv å finn 4 abiotiske faktorar som kan påverke kva slags planter som kan leve i torvlaget på ei myr.
- Planter kallast produsentar, og dyr kallast konsumentar. Kvifor?
- Kva meines med den økologiske nisjen til ein art?
- Forklar kva som meines med ei næringskjede.
Gjennomfør den interaktive oppgåva om antarktisk næringsnett dersom du ikkje har gjort det tidlegare.
La oss tenkje oss at nokon av organismane i næringsnettet forsvinn. Kva vil det bety for heile systemet?- Kva trur du vil skje om spekkhoggaren blir utrydda?
- Kva ville skje om fiskebestanden blei så redusert gjennom fiske at fisk ikkje lenger var ein del av næringsnettet?
- Kva ville skje om algane forsvann?
- Kva slags scenario ville påverka flest organismar?
- Vi seier at stoffene går i eit lukka krinsløp, mens energien går i eit opent krinsløp. Kva er forskjellen?
Sist oppdatert 15.05.2018
Tekst: Einar Berg og Svein Gunnar Råen (CC BY-NC-SA)
Rettshavar: NKI Forlaget