Hopp til innhald

Spelefilm

My Sister's Keeper

Då dottera får blodkreft, bestemmer foreldra (Cameron Diaz og Jason Patric) seg for å få eit nytt barn. Dei håpar at det nye barnet, med sine organ, kan redde den sjuke dottera frå ein altfor tidleg død.

Handlinga

Anna Fitzgerald er ikkje som andre barn. Ho er eit såkalla designerbarn, og kom til verda for å redde søstera Kate sitt liv, gjennom å donere organ til henne.

Søstera Kate har leukemi, og har vore sjuk sidan ho var to år. No er ho seksten år, og lever på overtid – mykje lenger enn kva legane trudde då ho først blei sjuk.

Kate har fått nyresvikt, og dersom ho skal kunne overleve, er ho avhengig av at Anna donerer ei nyre til henne. No ønskjer derimot Anna å sjølv kunne bestemme over kroppen sin, og ho saksøkjer foreldra.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Teknologi og etikk