Hopp til innhald

Fagartikkel

Prosentpoeng

Dersom det talet vi skal finne prosentvis endring på er målt i prosent frå før, må vi passe litt på.

LK20LK06
Grafisk framstilling som viser prosentvis oppslutning i månadene juli, august, september, oktober og november. Illustrasjon.

På ei meiningsmåling auka eit politisk parti oppslutninga si frå 30 prosent i oktober til 33 prosent i november.

Dette betyr ikkje at oppslutninga om partiet har auka med 3 prosent, sjølv om
33 %-30 %=3 prosent!

Dersom til dømes talet på elevar i ein skuleklasse går opp på den same måten, frå 30 elevar til 33 elevar, så er jo ikkje auken på 3 prosent.

Då er auken på 10 prosent.

1 prosent, eller 1 hundredel, av 30 elevar er 0,3 elevar, og 10 prosent er då lik  0,3 elevar ·10=3 elevar.

Vi kan òg rekne slik: Auken i forhold til opphavleg verdi er lik 330=0,1=10100=10 prosent.

Det same må gjelde for den auka prosentvise oppslutninga for det politiske partiet.

Vi seier at partiet har gått fram 3 prosentpoeng på meiningsmålinga, frå 30 prosentpoeng til 33 prosentpoeng.

Auken i forhold til opphavleg verdi er då lik

3 prosentpoeng30 prosentpoeng=0,1=10 prosent

Sist oppdatert 06.09.2018
Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen

Læringsressursar

Prosent og prosentvis vekst

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar