Hopp til innhald

Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1)

Servering og drikkevarer

Servitøren må ha brei kunnskap om alt frå å klargjere restauranten til servering og kunnskap om mat og drikkevarer.

Drikkevarer

Drikke nyt vi anten åleine eller saman med mat. Det finst tallause typar drikke, som er knytte til forskjellige kulturar, område og land. Varm drikke, kald drikke, temperert drikke – skilnadene er mange. I dette emnet tek vi for oss likskapane og skilnadene mellom dei ulike typane drikkevarer.

Brennevin

Ved å destillere ei alkoholhaldig væske som er produsert ved gjæring av vegetabilske råstoff, får ein brennevin. Råstoffet er ofte frukt, korn eller poteter. I destilleringsprosessen blir væska brend to eller fleire gonger for å oppnå høg alkoholkonsentrasjon, opptil 96 prosent.

Læringsressursar

Brennevin

Fagstoff