Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Krav til godkjenning av økologisk mat

Mattilsynet har tilsynsansvar for økologisk produksjon, foredling og sal av økologisk mat. Mattilsynet har inngått ein avtale med Debio om å gjennomføre sjølve den praktiske kontrollen ute på gardsbruk og i bedriftene. Debio rapporterer til Mattilsynet om resultata av kontrollen.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Ø-merke. Logo.

Det at ei vare er Ø-merkt, vil seie at ho er produsert i samsvar med eit nasjonalt regelverk forankra i EU sine forordningar for økologisk produksjon. Debio eig og forvaltar Ø-merket, og gir løyve og retningslinjer for merking.

Alle gardsbruk, anlegg, bedrifter og andre verksemder som har vore involverte i produksjonsprosessen og som omset varene, er kontrollerte og godkjende av Debio. Dette skjer ved årlege fysiske inspeksjonar og uanmeldte besøk.

Utanlandske varer som er økologiske

Debio kontrollerer at utanlandske varer som blir selde som økologiske, er produserte og behandla etter tilsvarande krav som gjeld for norsk økologisk produksjon, foredling og omsetning.

Sist oppdatert 14.04.2020
Tekst: Debio og Opplysningskontorene i landbruket (CC BY-SA)

Læringsressursar

Økologisk mat