Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økologisk mat

Økologisk mat kjem frå moderne produksjonsbedrifter innan både landbruk og fiskeri. Bedriftene produserer ut frå eit heilskapsperspektiv om å tryggje ei sunn jord ved å fremje balanse, mangfald og artsrikdom i naturen.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
To personar står mellom tomatplanter i eit stort drivhus. Den eine held opp ein tomat og viser til den andre. Foto.

I økologisk planteproduksjon blir næringsstoffa tilførte gjennom organisk gjødsel anten som husdyrgjødsel eller gjennom grøngjødsel og kompost. Kløver er ein viktig del av planteproduksjonen i økologisk landbruk.

Økologisk mat blir berre produsert med naturlege tilsetjingsstoff, og der fleire ingrediensar inngår i eit produkt, skal alle vere økologiske. Held du deg til økologisk mat, veit du kva du et.

Kva er økologisk produksjon?

Økologisk produksjon byggjer på eit idégrunnlag, ei heilskapleg forståing av forholdet mellom menneske og natur, og av samspelet i naturen. Målet er ei berekraftig forvaltning av ressursane.

Dersom eitt ledd blir forvalta utan at ein tek omsyn til heilskapen, kjem dette på sikt til å få negative følgjer for alle ledd, også for mennesket. Fôr, kompost og gjødsel skal vere framstilt på ein måte som støttar opp under prosessane i naturen, og skal nyttast mest mogeleg lokalt.

Viktige målsetjingar for økologisk produksjon er å

  • produsere matvarer av høg kvalitet, i tilstrekkelege mengder og rettferdig fordelt
  • forvalte naturressursane slik at ein unngår at miljøet blir skadelidande
  • sikre genetisk mangfald, artsrikdom og resirkulering av næringsstoff
  • skape eit miljø som tek omsyn til husdyra si naturlege åtferd og kva behov dei har

Kva er økologisk mat?

Økologisk mat er eit resultat av den økologiske produksjonsmetoden. Kort sagt blir maten produsert på naturen sine premissar, og på ein måte som i størst mogeleg grad tek omsyn til dyra si naturlege åtferd og kva behov dei har.

Samstundes som ein stiller strenge krav til produksjonsmetodar for at dei skal kunne kallast økologiske, skal produkta sjølvsagt òg halde høg kvalitet etter vanlege kvalitetsmål.

Produksjon og foredling

Ein skal bruke så lite tilsetjingsstoff som mogeleg når ein produserer økologisk mat. Det er ikkje tillate å bruke genmodifiserte organismar eller produkt, kunstgjødsel eller kjemiske/syntetiske plantevernmiddel. Det er heller ikkje tillate å tilsetje kunstige fargestoff.

Dyrevelferd

Kunnskap og respekt for dyra sin eigenart er eit svært viktig grunnlag for økologisk husdyrhald. Dyra skal kunne utfalde seg i samsvar med det som er naturen og eigenarten deira. Økologisk husdyrhald er derfor basert på reglar som skal sikre at alle dyr har høve til å røre seg – også utanom beitesesongen. Når dei oppheld seg innandørs, er det stilt minstekrav til plass og dagslys. Høner og anna fjørfe får følgje den naturlege døgnrytmen sin og eit naturleg veksttempo, og skal ha tilgang til uteareal året rundt. Dyra får økologisk fôr.

Sist oppdatert 08.04.2020
Tekst: Debio og Opplysningskontorene i landbruket (CC BY-SA)

Læringsressursar

Økologisk mat