Hopp til innhald

Fagartikkel

Journalist – eit risikoyrke

I eit land med pressefridom kan journalistar fritt publisere informasjon i aviser, radio, TV og på nett utan førehandskontroll frå offentlege styresmakter. I totalitære regime er journalis eit risikoyrke.

LK20LK06

Pressefridom – kjennteikn på demokrati

Eit av dei viktigaste prinsippa i eit demokratisk samfunn er at alle borgarar har rett til å meine kva dei vil, og å gje uttrykk for det i skrift og tale. Pressefridom inneber at ein journalist fritt kan publisere informasjon i aviser, radio, TV og på nett utan førehandskontroll frå offentlege styresmakter.

I eit autoritært samfunn vil styresmaktene underleggje både enkeltborgarar og massemedium sensur. I totalitære regime er det å vere journalist eit risikoyrke. Dei fire første månadene av 2012 blei i gjennomsnitt éin journalist drepen i verda kvar femte dag.

Organisasjonen Reporterar utan grenser rapporterer jamleg om overgrep mot journalistar over heile verda. Pressefridomsbarometeret til Reportrar utan gränser

  • Kor mange journalistar blei drepne i fjor?
  • Det er ein viss samanheng mellom graden av demokrati i eit land og korleis landet handsamar journalistane sine. I kva land er det mest risikabelt å vere journalist no?

Intervju med redaktør Eynullah Fatullayev

Fatullajev kjempar for ytringsfridom

Aserbajdsjan er eit eksempel på eit autoritært regime. Her blir mange journalistar kasta i fengsel, og aviser og kringkastingsstasjonar risikerer å bli stengte dersom dei vågar å kritisere dei som sit med makta. Den kjente avisredaktøren Ejnulla Fatullajev er ein av dei som kjempar for ytringsfridom i Aserbajdsjan. I mai 2012 mottok han UNECOS sin ytringsfridomspris, World Press Freedom Prize.

Ejnulla Fatullajev blei arrestert av styresmaktene i 2007. Han blei skulda for å spreie falsk informasjon om den såkalla Khojali-massakeren i 1992, der hundrevis av aserbajdsjanarar mista livet. Amnesty International, Den norske Helsingsforskomiteen og ei rekkje andre menneskerettsforkjemparar aksjonerte for å få Fatullajev sett fri. I mai 2011 blei han endeleg ein fri mann, etter å ha blitt fullstendig reinvaska av menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Sist oppdatert 22.02.2018
Skrive av Ragna Marie Tørdal og Kristin Skare Orgeret
Rettshavar: Amendor AS

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?