I Noreg har ytringsfridom vore lovfesta i meir enn 200 år. Men korleis står det eigentleg til med ytringsfridomen i vårt land og i resten av verda i dag?
Ytringsfridom. Produsert av TV 2 for Kampanje for journalistikk 2014.
Oppgåve 1
Sjå videoen om ytringsfridom som TV 2 har produsert for Kampanje for journalistikk.
- Kva er sensur? Forklar omgrepet.
- Kva seier den norske grunnlova om ytringsfridom og trykkefridom?
- Kven avgjer kva media kan publisere i Noreg?
- Kvifor er ei fri presse viktig for demokratiet?
- Kvifor er mediemangfald viktig?
Oppgåve 2
Under andre verdskrigen måtte nesten alle familiar i Noreg levere inn radioapparata sine. Les fagteksten Okkupasjon og motstand
- Kvifor var det forbode for nordmenn å ha radio?
- Diskuter i klassen: Kva for problem ville de få dersom dei som bestemte i Noreg, nekta alle tilgang til radio, TV, Internett og mobiltelefon?
Oppgåve 3
I nokre land er sosiale medium som Facebook, YouTube og Twitter sperra for publisering. Finn ut kva land dette gjeld, og kvifor det er slik.
Oppgåve 4
Les Sven Egil Omdal sin kommentar Raseriet over den tomme stolen.
- Kven var Liu Xiaobo, og kvifor satt han i fengsel?
- Korleis gjekk det med Liu Xiaobo?
- Kvifor undrar Omdal på korleis norske politikarar ville ha teke imot han dersom han kom til Noreg i dag?
- I Grunnlova står det at det skal være ytringsfridom i Noreg. Omdal nemner eksempel på at ytringsfridomen likevel har blitt avgrensa i ulike historiske periodar. Kva for eksempel trekk han fram?
Oppgåve 5
Filmen Tvunget til taushet f\er ein film om krigsbrotsverk, ytringsfridom og om menneske som er villige til å risikere livet for å få fram sanninga. Filmen følgjer tre srilankiske journalistar som har avdekt krigsbrotsverk gjorde av regjeringsstyrkane i krigen mot dei tamilske tigrane. Journalistane har måtta flykte frå heimlandet og lever no i skjul. Filmen viser også heilt ukjende og brutale sider ved den såkalla oppryddinga av regjeringsstyrkane på Sri Lanka, der særleg den tamilske befolkninga har lidd store tap.
- Sjå filmen.
- Skriv ein avisartikkel om kvifor undersøkjande og uavhengig journalistikk er viktig i dag.