Hopp til innhald

Oppgåve

Oppgåver til tekstar av Tomas Tranströmer

Den svenske lyrikaren Tomas Tranströmer (1931–) fekk nobelprisen i litteratur i 2011. Han blir rekna som den internasjonalt mest kjende skandinaviske lyrikaren i dag.

Portrett av forfatteren Tomas Tranströmer. Foto.

Tomas Tranströmer. Biletet er teke 6. oktober 2011, same dag som det vart kjent at Tranströmer hadde fått nobelprisen.

Oppgåve 1

Om forfattaren

Les artikkelen « En verdig prisvinner».

Sjå også videoklippet om Tomas Tranströmer på NRK.no.

Finn sentrale fakta om livet og forfattarskapen til Tomas Tranströmer.

Oppgåve 2

Tolk Tranströmer-sitatet

«Mitt i livet händer det att döden kommer och tar mått på människan. Det besöket glöms och livet fortsätter. Men kostymen sys i det tysta.»

Ordforklaringar

  • ta mått på = ta mål av nokon; måle høgd, livvidd osv.
  • i det tysta = i det stille
  • kostym = dress; teaterkostyme
  1. Kva «yrke» er det døden har fått i dette sitatet?
  2. Kva kallar vi det når eit abstrakt omgrep blir omtalt som om det var ein person?
  3. Kva meiner Tranströmer med at «döden kommer och tar mått på människan»? Forklar med eigne ord.
  4. Kan du gi nokre døme på hendingar og opplevingar der «döden kommer och tar mått på människan»?
  5. Har Tranströmer sjølv opplevd ein slik situasjon?
  6. Kva tyder det at «kostymen sys i det tysta»?
En labyrint laget av hekker. Foto.

Gir orda «framover» og «bakover» meining når vi går i ein labyrint? Verdas lengste labyrint i Bath i England er 2,8 km lang.

Oppgåve 3

Kva er tid?

«Tiden är ingen raksträcka utan snarare en labyrint, och om man trycker sig mot väggen på rätt ställe kan man höra de skyndande stegen och rösterna, kan man höra sig själv gå förbi där på andra sidan.»

Ordforklaringar

  • raksträcka = rett linje
  • ställe = stad röst = røyst
  1. Kva slags bilete ser du sjølv for deg når du prøver å førestille deg tida? Korleis meiner du at fortid, nåtid og framtid er plassert i høve til kvarandre?
  2. Dersom tida blir samanlikna med ein labyrint slik Tranströmer gjer, korleis blir då tilhøvet mellom fortid, notid og framtid endra?

Oppgåve 4

Tolk Tranströmer-sitatet

«Två sanningar närmar sig varann. En kommer inifrån, en kommer utifrån och där de möts har man en chans att få se sig själv.»

  1. Korleis blir til vi den personen vi er? Forklar med eigne ord. (Bruk det du har lært om sosialiseringsprosessen i samfunnsfag!)
  2. Tolk uttrykka «sanning som kommer inifrån» og «sanning som kommer utifrån» i lys av denne kunnskapen.
  3. Kvifor er møtet mellom desse to sanningane viktig, ifølgje Tranströmer?

Oppgåve 5

«Madrigal»

Madrigal er ei gammal diktform som ofte skildrar ein naturidyll eller kjærleik. Omgrepet blir også brukt om fleirstemt vokalmusikksjanger frå 1500-talet; hovudsakleg verdslege songar.

Les og høyr diktet Madrigal på YouTube. Diktet er henta frå diktsamlinga För levande och döda som kom i 1989. Det er Tomas Tranströmer sjølv som les teksten i opptaket.

Om du vil lese diktet på norsk, opnar du Tomas Tranströmers Samlede dikt på bokhylla.no. Klikk deg inn på boka og skriv dikt-tittelen inn i søkjefeltet øvst til venstre. Då får du opp «gule lappar» på dei sidene der tittelen er nemnd, og kan lett klikke deg fram til teksten.

  1. Teksten har tittelen «Madrigal». Kva slags forventningar vekkjer dette ordet? (Les margteksten med ordforklaringa!)
  2. «Madrigal» er eit såkalla prosadikt. Kva vil det seie?
  3. Eg-personen har arva ein mørk skog som han sjeldan besøkjer. Kva trur du denne skogen står for? Les dei tre første setningane i teksten nøye, og prøv å gjere deg opp ei meining.
  4. «Vi er ikkje utan håp», konstaterer eg-personen. Kvifor er ikkje vi menneske utan håp?
  5. Eg-personen vel å gå i den lyse skogen. Kva er det som kjenneteiknar denne skogen?
  6. Kva årstid er det som blir skildra? Kva er det vi assosierer med denne årstida? Nemn nokre vanlege konnotasjonar.
  7. «Jeg har eksamen fra glemselens universitet og er like tomhendt som en skjorte på en tørkesnor.» Kva trur du desse poetiske bileta seier om sinnstilstanden til eg-personen og haldninga hans til livet?
Sist faglig oppdatert 23.01.2019
Skrive av Marion Federl

Læringsressursar

Nordisk litteratur

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale