Oppgåve 1
Les novella "Line skal tisse" og jobb deretter med spørsmåla:
- Beskriv hovudpersonen Line.
- Kva er det som skaper konflikt mellom Line og foreldra hennar?
- Kva kan vere grunnen til at foreldra ikkje vil hjelpe Line?
- Korleis opplever Line reaksjonen deira?
- Kva for ord og bilete bruker forfattaren for å skildre redselen til Line?
- Er det berre mørket ho er redd for?
- Line finn til slutt ei løysing på problemet. Korleis trur du foreldra kjem til å reagere på det ho gjer?
- Oppfattar du Line som trassig?
- Kva vil du seie er temaet i denne novella?
- Sjå nærare på forteljeteknikken:
- Er novella skriven i første eller tredje person?
- Synsvinkelen ligg hos Line, og vi får vite kva ho tenkjer og føler. Kva oppnår forfattaren med dette valet?
- Novella er skriven på dansk, og nokre av orda er derfor forskjellige frå norsk. Finn ord i teksten som tyder om lag det same som orda nedanfor:
- gråte
- redd
- pusten
- etasje
- treffer
- renn
- ball
- skapet
Oppgåve 2
Vel ei av desse skriveoppgåvene:
- Foreldra til Line oppdagar kva som har skjedd i løpet av natta. Korleis reagerer dei? Kva vil dei gjere? Skriv samtalen mellom mor og far.
- Har du nokon gong vore mørkredd? Skriv ei kort forteljing om mørkeredsel.
Sist faglig oppdatert 04.02.2019