Den færøyske songaren og komponisten Eivør Pálsdóttir har eit breitt register frå jazz og folkemusikk til kristelig song og klassisk musikk. Ho vart kåra til årets færøying i 2004 og har mellom anna opptredd med den norske gruppa Vamp.
Lytt til musikkvideoen Hjarta mitt med den færøyske artisten Eivør Pálsdóttir.
Les deretter teksten på færøysk: Hjarta mítt.
Svar på spørsmåla nedanfor:
- Kva for ord i teksten er heilt like på færøysk og norsk?
- Kva for andre færøyske ord i teksten liknar så mykje på norske ord at du kan forstå dei?
- Set om den færøyske teksten til moderne norsk. Bruk den engelske omsetjinga som "fasit". Vart omsetjinga di rett?
- Kva trur du tekstforfattaren forsøkjer å uttrykkje med dette språklege biletet: "Auga mine sokk ned i det djupe havet i går"?
- Kva vert "hjarta mítt" samanlikna med i teksten? Kvifor trur du tekstforfattaren har brukt nett denne samanlikninga?
- I teksten Hjarta mítt står hjartet i sterk kontrast til lufta. Kva for kontrast er det snakk om?
- Kvifor vil eg-personen i songen aldri gløyme den ho/han har møtt?
- Songen sluttar med at eg-personen seier at "du kunne ha stole hjartet mitt". Kva er grunnen til at eg-personen ikkje misser hjartet sitt til den andre personen?
- Kva er bodskapen i songen?
Sist faglig oppdatert 29.01.2019