Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Populærmusikk fra Vittula som danningsroman

I romanen Populærmusikk fra Vittula av Mikael Niemi møter vi to unge menneske som lengtar ut av bygda. Romanen består av fleire kortare historier som vert vevde saman til ein heilskap.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Buss

Ein danningsroman er ein roman som viser korleis ein person utviklar seg frå barn til vaksen i møte med ulike krefter som formar personlegdomen. Ofte forlèt hovudpersonen heimstaden for ein periode, opplever andre kulturar og ser verda utanfrå, før han vender heim som eit meir opplyst menneske. Eit døme er romanane til den tyske forfattaren Johann Wolfgang Goethe (1749–1832).

Tekstutdraga fra romanen Populærmusikk fra Vittula finn du her: Populærmusikk fra Vittula

Oppgåve 1

Les kapittel 1 i romanen Populærmusikk fra Vittula og diskuter spørsmåla:

  1. Kor og korleis kjem det fram at bygda Pajala, også kalla Vittula, gjennomgår ei brytningstid der ny tid møter gamal?
  2. Hovudpersonen seier «Verden tok aldri slutt, den utvidet seg hele tida, og det svimlet for meg så jeg nesten ble dårlig da det gikk opp for meg at man bare kunne gå og gå i det uendelige». Ta utgangspunkt i sitatet og diskuter kva rolle reisa speler i det første kapittelet.

Oppgåve 2

Les kapittel 4 i romanen Populærmusikk fra Vittula og diskuter desse påstandene:

  1. Å begynne på skulen både opnar og lukkar verda for barna i Pajala.
  2. Å kaste og øydeleggje bøker er berre eit uttrykk for at dei ikkje ville gjere lekser.
  3. Opplevinga av å vere utanfor det eigentlege Sverige kjem til uttrykk i kapittelet på fleire ulike måtar.
Sist oppdatert 23.01.2019
Skrive av Trude Løvskar og Eva Walde Lund

Læringsressursar

Nordisk litteratur