Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Oppgåver til filmen «Seksualitet som tema i barnehagen»

  1. Korleis kan bøker brukast i samband med temaet seksualitet?
    Fordjuping: Oppsøk eit bibliotek, lån bøker om emnet, og vurder korleis dei kan brukast i opplæringa.
  2. Kvifor bør vi ta opp temaet seksualitet sjølv om barna ikkje spør om det?
  3. Kva bør barna lære om emnet?
  4. Kva meiner vi med å vere konkret og enkel i språkbruken?
  5. Korleis gjer du barna trygge, slik at dei seinare tør å stille spørsmål om seksualitet?
  6. Kva meiner vi med å møte barnet med respekt?
  7. Korleis bør vi stille oss til foreldre som ikkje ønskjer at barna deira skal få leike doktorleikar eller seksuelle leikar?
  8. Kva seier filmen om barn med nedsett funksjonsevne (funksjonshemmingar) og seksualitet?
  9. Forklar utsegna «funksjonshemma er ikkje ei gruppe».
  10. Korleis kan vi vere positivt stadfestande?
  11. Kvifor er det viktig at barnehagen tek temaet seksualitet alvorleg?
Sist oppdatert 14.07.2010
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Seksualitet hos barn og unge

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar