Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rusførebyggjande arbeid

I Noreg har vi først og fremst fokusert på to forskjellige typar tiltak for å redusere bruken av rusmiddel: tiltak for å redusere etterspurnaden og tiltak for å redusere tilgangen. Målet med førebyggjande tiltak i samfunnet er å redusere sosiale og helsemessige skader som følgjer rusmiddelbruk.

To ungdommar i klatretauvegg. Foto.

Redusere etterspurnaden

Spesifikke tiltak for å redusere etterspurnaden har gjerne vore informasjonskampanjar og forskjellige kampanjar retta mot å endre haldningar blant dei som bruker rusmiddel.

Eit døme på dette er kampanjar mot alkohol på TV og i blad. Føremålet med slike tiltak er å endre haldninga til å bruke rusmiddel. Styresmaktene ønskjer gjennom desse kampanjane å påverke oss så vi tek dei riktige vala. Den andre typen tiltak som ofte blir brukt, er å regulere tilgangen til rusmiddel.

Døme på andre tiltak som reduserer etterspurnaden av rusmiddel

  • aldersgrenser på kjøp av alkohol
  • høgare avgifter
  • kontrolltiltak mot ulovleg narkotikaomsetning
  • å gjere det dyrare og vanskelegare å kjøpe alkohol

Redusere tilgangen

Målet med å redusere tilgangen og auke prisane, er at færre skal velje å kjøpe rusmiddel. Hyppige kontrolltiltak mot narkotikaomsetning er dessutan med på å synleggjere dei alvorlege konsekvensane ved kjøp, sal og bruk av narkotiske stoff.

Ofte rettar førebyggjande tiltak seg mot spesielt utsette grupper i samfunnet. Dette kan ofte vere nettopp barn og unge som er lettare å påverke, og som kan vere i faresona for å utvikle eller forsterke ein rusmiddelmisbruk. Skular og sosialstyresmakter er viktige i det førebyggjande arbeidet retta mot barn og unge.

Som barne- og ungdomsarbeidar er du derfor svært viktig i det førebyggjande arbeidet for å skape gode haldningar. Du blir ein rettleiar mot dei riktige innstillingane og dei rette vala!

Er det mogleg å førebyggje rusproblem allereie i barnehagen?

I lenkjesamlinga finn du lenkjer til ein del av dei førebyggjande programma som blir brukte i barnehage og skule.

Utfordringar til deg

  1. Søk på rusførebyggjande tiltak på sidene til Helsedirektoratet. Diskuter det du finn på denne sida.
  2. På kva måtar er det drive rusførebygging i Noreg?
  3. Gi eksempel på tiltak som verkar rusførebyggjande.
  4. Kva meiner du er god rusførebygging?
Sist oppdatert 07.08.2021
Skrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid