Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Narkotika

Som elev har du tidlegare lært ein god del om narkotika og om korleis ein kan førebyggje bruk av narkotiske stoff. Som barne- og ungdomsarbeidar kan du ha behov for å repetere noko av dette fagstoffet.

Ei vekt på eit bord. På vekta står det ei skål med eit kvitt pulver. Ved sida av vekta er det teikna eit daudinghovud. Eit tynt metallrøyr ligg også på bordet.

Juridisk begrep

Ordet narkotika stammar opphavleg frå gresk og betyr søvn eller djup søvn – narkosis. Ordet blei først brukt om opium, som var relativt utbreidd i Asia og delar av Europa på 1800-talet. Omgrepet narkotika blir i dag brukt som ei fellesnemning på ei mengd stoff og medikament. Narkotika som overordna omgrep blir difor oftast oppfatta som ei juridisk nemning på dei stoffa, medikamenta og preparata som er førte opp på den norske narkotikalista, og som er omfatta av narkotikalovgivinga. All bruk, eige, omsetning og andre former for ulovleg omgang med narkotiske stoff og legemiddel kan føre til straffeansvar i Noreg. (Kjelde: Amendor)

Utfordringar til deg


  1. Gjer deg kjend med nettsidene i lenkjesamlinga.
  2. Kvifor er det viktig for deg som barne- og ungdomsarbeidar å ha kunnskapar om ulike narkotiske stoff, skadeverknader og førebygging?
  3. Lag eit tankekart med utgangspunkt i kunnskapane dine om narkotika.
  4. Les fagstoffsidene du finn i lenkjesamlinga.
Sist oppdatert 09.03.2018
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar