Hellebrød, arabiske netter, pinnebrød og kjøtkaker i løk.

Frokost
Hellebrød
Du treng
1 dl heilkorn som du knuser sjølv
1 dl kveitemjøl
1/4 ts salt
1 dl vatn
Slik gjer du
Lag deigen, og klapp til brøda slik at dei blir runde og flate. Legg ei steinhelle på bålet. Steik brøda på steinhella. Du kan òg bruke steikepanne.
Arabiske netter
Du treng
poteter
løk
gulrøter
kjøt eller pølser
litt vatn
salt og pepar
smør
aluminiumsfolie eller bålkjele
Slik gjer du
Legg aluminiumsfolie dobbelt og smør han godt. Skjer poteter, løk, gulrøter og kjøt eller pølser i småbitar og legg det på folien. Slå litt vatn over, og ha i krydder. Pakk alt godt saman og legg det ned i glørne. Når vatnet er dampa bort, legg du nokre smørklattar mellom bitane. Etter cirka 10–15 minutt er retten ferdigkokt. Du kan òg variere retten med andre grønsaker, som squash, purre, paprika og brokkoli. Du kan òg lage arabiske netter i ein bålkjele. Det er meir miljøvennleg enn å bruke aluminiumsfolie.
Kjøtkaker i løk
Du treng
løk
kjøtdeig
salt, pepar og eventuelt muskat
margarin
aluminiumsfolie
Slik gjer du
Skjer ein stor løk over på midten og hòl han ut slik at berre dei to ytste ringane er att. I holrommet legg du krydra kjøtdeig. Løken fyld med kjøtdeig smør du inn med margarin og pakkar i folie. Legg pakken i glørne og lat han steikje i cirka 15 minutt, avhengig av storleiken på løken.
Pinnebrød
Du treng
500 g mjøl (bruk gjerne litt grovt mjøl)
2 ts bakepulver
5 ss sukker
1 ts salt
1 dl matolje
cirka 2 dl lunka vatn
Slik gjer du
Bland det tørre. Spe med vatn og olje til deigen har plastelinakonsistens. Form ein klump deig til ei pølse, og tvinn henne rundt ein pinne. Steik brødet over glørne til det er gjennomsteikt og slepper pinnen. Brødet kan fyllast med til dømes syltetøy. Du kan òg tvinne deigen rundt ei pølse på spidd og lage «pølse i slåbrok». Bruk gjerne andre smakstilsetningar i deigen, som kanel eller riven ost.
TIPS: Det beste spiddet lagar du av ei grein av friskt tre. Skjer bort borken på den øvste delen, der maten skal sitje