Hopp til innhald

Fagartikkel

Dei vaksne si rolle under måltidet

Dei vaksne bør ta aktivt del i måltidet og ete saman med barna av fleire årsaker. Gjennom måltida skal barna få energi og næring. Men måltida er òg viktige som sosial og kulturell arena i barnehagekvardagen.

forskjellige typer frukt og grønnsaker. Foto

Som sosial arena har måltidet stor betydning for møtet mellom barn og mellom barn og vaksne, og dei gir ei strukturert ramme for samspel og dialog.

Vaksne er viktige rollemodellar, og barna lærer av dei vaksne korleis ein skal te seg rundt eit bord. Ved bordet kan ein òg snakke om mat og kosthald i ein naturleg samanheng. Det kan vere med på å utvikle barna sin kunnskap om mat i eit breitt perspektiv, til dømes namn på matvarer, kvar dei kjem frå, og korleis dei blir brukte, mattradisjonar lokalt og i andre kulturar, kva næringsstoffa betyr for kroppen og det å kjenne etter om ein er svolten, tørst, mett og så vidare.

Måltidet er òg ein arena for å stimulere sansane med smak, lukt, farge, konsistens og form.

Kjelde: Helsedirektoratet

Helsedirektoratet oppdaterer sidene sine kontinuerleg.

Sist faglig oppdatert 13.12.2018
Skrive av Helsedirektoratet

Læringsressursar

Kost og ernæring

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar