På denne sida vil du finne fagstoff om mat for barn på skulen og SFO. Skulen har eit medansvar for at skulebarnet får kunnskap om kosthald og gode matvanar.

Føremålet med skulemåltida er
- å gi energi og overskot til å møte utfordringane i skulekvardagen
- å vere ein arena for trivsel og fellesskap
På skulen er det vanleg at barna har med seg matpakke, men mange skular prøver i tillegg ut ulike ordningar med mat på skulen.
På SFO et barna eitt eller fleire måltid. Nokre stader har barna med seg matpakke mens dei andre stader får mat servert.
Mange barn i denne aldersgruppa set pris på å få ta del i matlaginga. Dei er flinke til å dekkje bord og kan gjerne gå ut for å hente blomster og naturmateriell å pynte bordet med.
Under relatert innhald finn du mellom anna
- retningslinjer for skulemåltidet som vil hjelpe deg når du skal setje saman skulemåltidet
- utdrag frå Helsedirektoratet sine sider om skulefrukt
- utdrag frå Helsedirektoratet sine sider om kosthald for barn og unge
Dersom det skal serverast fellesmåltid, er det beste å velje matvarer som alle barna kan ete, men for nokre barn må ein leggje måltida til rette. Det gjeld barn som treng andre matvarer på grunn av helse, kultur eller religion. I tilfelle der barnet må ha annan mat enn resten av gruppa, er den beste kjelda til informasjon vanlegvis barnet sjølv eller foreldra. Det er svært viktig at du har kunnskap, slik at barnet får riktig mat. Internett og bøker er òg gode kjelder til slik informasjon.
Utfordringar til deg
Oppgåver til "Mat i skule og skulefritidsordning"
- Gå til Matportalen.no via lenkjesamlinga. Her finn du eit undervisningsopplegg om kosthald for skulen. Sjå gjennom dette, og diskuter i grupper korleis det kan brukast i skulen.
- På ungdomstrinnet fekk du ei kokebok. Denne kan du med fordel bruke også dette skuleåret. Kvifor trur du departementet gir denne boka til alle ungdomsskuleelevar?
- Gå til Helsedirektoratet sine sider om kost i skulen. Gjer deg kjend med nettsidene, og ta notat slik at du veit kva som finst der. Merk deg at det også finst mange fine vedlegg. Adressa til Helsetilsynet finn i lenkjesamlinga.
- Ta kontakt med nokre barneskular og still dei følgjande spørsmål:
Korleis organiserer dei matpausane?
Har dei fellesmåltid for heile skulen?
Kva for typar drikke får barna tilbod om?
Har dei fruktordning, og korleis er ho organisert?
Korleis skaper dei trivsel under måltida?
Andre relevante kosthaldsspørsmål de måtte ha. - Korleis kan skulemåltid skape betre trivsel og fellesskap?
- Kva meiner ein med at barn blir sosialiserte under måltidet?
- Finn ut korleis SFO-ane i kommunen eller bydelen din har organisert måltida.
- I lenkjesamlinga finn du retningslinjene frå Helsedirektoratet om skulemåltidet. Lag ein plakat med innhaldet frå denne, og heng¨han opp i klasserommet.
- Fordjupingsoppgåve: Les brosjyren om fysisk aktivitet og måltid i skulen. Ta notat mens du arbeider. Kva meiner du om forslaga som kjem fram i dette dokumentet? Brosjyren finn du i lenkjesamlinga.
- Studer brosjyrane i lenkjesamlinga. Ta notat, og finn oppskrifter du kan prøve ut.
Oppgåver til filmen "Ungdom og matpakke"
- Kva bør ein tenkje på når ein skal lage matpakke?
- Kva er det aller viktigaste med matpakken?
- Diskuter råd frå sjåarar.
- Kva kan ein servere dersom barnet ikkje er glad i brød?
- Diskuter fordelar og ulemper med å ha mykje mat i kjøleskapet.
- Er grove bagettar betre enn fine?