Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Elektriske sparkesyklar

Elektriske sparkesyklar har komme for fullt dei siste åra. I større byar kan du òg leige slike. Kor mykje kostar det å leige?

Miniprosjekt

To sparkesyklar som kan leigast står på fortauet framfor ein betongkant. Den eine sykkelen er raud, den andre grøn. Foto.

I Trondheim er det fleire firma som tilbyr korttidsleige av elektriske sparkesyklar. Du leiger via ein app på telefonen.

  1. Lag ei oversikt over desse firmaa, og finn ut kva det kostar å leige ein elektrisk sparkesykkel hos dei. Kva firma lønner det seg å leige hos?
  2. Vel så ein annan by der elektriske sparkesyklar kan leigast. Er leigeprisen den same i denne byen som i Trondheim?
Tips til oppgåva
  • Her kan det vere nyttig å komme fram til ein formel for kor mykje det kostar per minutt å leige ein sparkesykkel.
  • Eller er det kanskje betre med ein formel som viser kor mykje det kostar per køyrde kilometer?
  • Ei grafisk framstilling av kostnadene for leige hos dei ulike firmaa vil gjere seg!
  • Hugs å skrive opp alle føresetnader du gjer undervegs.
CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2020

Læringsressursar

Lineære funksjonar