Hopp til innhald

Fagstoff

Klargjering av emballasje for sal

Her lærer du litt om korleis handelsnæringa bruker emballasje som ein «stille salsperson».
Pølse og kjøttprodukter fra ulike produsenter. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handelsnæringa ser på emballasje som «den stille salspersonen» som skal gjere kundane nyfikne og lokke dei til å kjøpe produkta. For å leggje til rette for at det blir lettast mogleg å plassere produkta i butikken, bruker handelsnæringa spesielle emballasjeløysingar. Mykje emballasje er utforma slik at produkta er enkle å plassere i butikken.

I mange butikkar er produktsortimentet i dag så breitt at mange produktvariantar konkurrerer om den same hylleplassen. Derfor blir det vanlegare at varene blir stabla enkeltvis i butikkhyllene i staden for å oppta plassen til ein heil kartong.

Sidan emballasjen skal marknadsføre produkta, er det viktig at han ikkje blir skadd under handtering.

Les meir om emballering på STAND si nettside: Standardiseringsutvalget for norsk dagligvare (STAND).

Biletet viser nokre døme på D-pak som lett blir klartgjort for F-pak, til dømes med ein rivekant.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.12.2018

Læringsressursar

Emballering og klargjøring