Hopp til innhald

Fagstoff

Handtering av varer ved lagring og transport

Her lærer du korleis effektiv handtering ved lagring og transport krev at vi emballerer varene i ulike emballasje- og transportmodular.
Tomater på paller. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å kunne handtere gods på ein enkel måte emballerer vi varer i fleire nivå. Emballasjenivåa er utforma (modulerte) slik at dei passar eksakt til kvarandre.

Daglegvarebransjen bruker desse tre emballasjenivåa:

  • F-pak for forbrukareining
  • D-pak for detaljisteining (kartong)
  • T-pak for transporteining (europall)

Dei to første er emballasjeeiningar, den siste er ei transporteining. Ei slik oppbygging i modular gjer det mogleg å handtere mange F-pak i eitt løft som ein D-pak. På same måte kan vi flytte mange D-pak i eitt løft som ein T-pak. Såleis sparer vi oss mange arbeidsoperasjonar ved lasting og lossing av varer. Enkelte gonger byggjer vi opp T-pak-nivået direkte frå F-pak og utelèt D-pak-nivået som vist på biletet i margen.

Samlastspeditørar mottek stykkgods frå mange avsendarar. Slikt gods er ikkje standardisert på same måte som i daglegvarebransjen. Nokre kolli er små, andre store, medan andre igjen er lange. Samlastspeditørane vel derfor ofte å stue godset i konteinarar i staden for å stable godset på europall for å utnytte plassen i lasteromma på transportmidla best mogleg.

Samlastgods blir stuet for hånd i en konteiner på Postens Godssenter.
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.12.2018

Læringsressursar

Emballering og klargjøring