Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetisk dilemma: Informasjon til føresette

Som barne- og ungdomsarbeider kan du støyte på vanskelege val. Då kan det vere smart å ha førebudd seg. Les gjennom problemstillinga og vel deretter eit av alternativa. Finn fram ein tekstbehandlar, for du skal grunngi valet. Til slutt skal du få nokon moment og sjå om du får nye refleksjonar.
Mor og barn snakker med en voksen i barnehagen. tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er foreldrekaffi i barnehagen, og Sara har hovudansvaret for at serveringa går som ho skal. Samtidig skal ho ha oversikt over lista med barn og vite kven som til kvar tid er henta. Alva, som er 5 år, ventar framleis på mor då klokka er 16.45 og det er 15 minutt til barnehagen skal stengje. Når mor kjem, er Alva veldig skuffa over at dei ikkje fekk delta på foreldrekaffi saman. Mor er uvitande om foreldrekaffien og spør Sara om kvifor ho ikkje har fått beskjed. Beskjeden er skriven på månadsplanen som alle barna har fått med seg heim. Mor viser irritasjon over kommunikasjonen og meiner at dei tilsette burde informere betre

Kva hadde du gjort dersom du var Sara?

Skriv begrunnelse for val av alternativ før du ser på momenta som tilhøyrer alternativet.

Alternativ 1 – Du fortel mor at det stod på månadsplanen, og går for å rydde ferdig.

Dette må du tenkje over:

  • Kva får deg til å velje denne løysinga?
  • Korleis vil du grunngi dette valet?
  • Kvifor er det viktig at føresette har rutinar for å lese planar?
  • Korleis trur du mor vil oppleve dette svaret?
  • Korleis trur du Alva vil oppleve dette svaret?
  • Korleis vil du informere om foreldrekaffi neste gong det skal vere?
  • Kva gjer du dersom mor kjem etter deg, framleis irritert, og vil diskutere vidare?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 2 – Du prøver å unngå konflikt og seier: «Oj, har du ikkje fått månadsplanen, du?» Dette trass i at du veit at planen er send heim og heng i garderoben i barnehagen.

Dette må du tenkje over:

  • Kva får deg til å velje denne løysinga?
  • Korleis vil du grunngi dette valet?
  • Korleis trur du mor vil respondere på dette svaret?
  • Korleis trur du Alva vil oppleve dette svaret?
  • Kva gjer du om mor svarer «Nei, eg har ikkje sett nokon plan»?
  • Kva gjer du om mor svarer «Det har eg sikkert, men det er vel ditt ansvar å minne oss på det eit par dagar før det skal være kaffi»?
  • Ville du ha valt denne måten dersom dette er tredje gong mora ikkje kjem på foreldrekaffi, og ho har reagert på same måte kvar gong?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 3 – Du ber Alva vente i dokkekroken medan du snakkar med mor. Du fortel mor at det er hennar ansvar å halde seg oppdatert på det som skjer i barnehagen. Du ber henne om å bruke ein annan tone når ho snakkar til deg framfor barna.

Dette må du tenke over:

  • Kvifor vel du denne løysinga?
  • Korleis vil du grunngi dette valet?
  • Kvifor er det viktig at Alva ikkje høyrer denne samtalen?
  • Kvifor er det viktig at mor ikkje skjenner på deg framfor barna?
  • Korleis trur du mor vil oppleve denne samtalen?
  • Korleis vil denne samtalen påverke samarbeidet mellom barnehagen og heimen?
  • Vil denne samtalen påverke korleis du meiner informasjon om foreldrekaffi skal bli gitt i framtida?
  • Kva gjer du dersom mor blir sint av denne tilbakemeldinga?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Yrkesetiske valg