Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetisk dilemma: Bekymringsfulle forhold

Som barne- og ungdomsarbeider kan du støyte på vanskelege val. Då kan det vere smart å ha førebudd seg. Les gjennom problemstillinga og vel deretter eit av alternativa. Finn fram ein tekstbehandlar, for du skal grunngi valet. Til slutt skal du få nokon moment og sjå om du får nye refleksjonar.
Voksen og barn som kommuniserer
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit av barna i barnehagen manglar ofte matpakke, ho verkar ustelt, og enkelte dagar luktar det av ho. Det er sjeldan foreldra som hentar ho. I dag kjem ho åleine til barnehagen, og det ser ut som om ho har kledd seg utan hjelp.

Kva gjer du?

Skriv begrunnelse for val av alternativ før du ser på momenta som tilhøyrer alternativet.

Alternativ 1 – Du synest at det er synd på ho, men at det ikkje er rart at det er slik med tanke på kven som er foreldra hennar.

Dette må du tenkje over:

  • Kva for haldningar viser du ved ein slik tankegang?
  • Er det andre i barnehagen som har merka seg noko, og er dette dokumentert?
  • Har du lov til å handle på denne måten?
  • Kva seier teiesplikta og opplysningsplikta?
  • Kven hjelper barnet om alle tenkjer slik?
  • Kva skal til for at du gjer noko med situasjonen?
  • Kva om du seinare får vite at barnet har levd med omsorgssvikt?
  • Korleis kan du samarbeide godt med foreldra om du har denne innstillinga til dei?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

Alternativ 2 – Du tek kontakt med leiar så fort som mogeleg. Du fortel at du er bekymra, og at du ønskjer at styrar skal vurdere kva som skal gjeres vidare.

Dette må du tenkje over:

  • Kva viser du ved å gjere det på denne måten?
  • Korleis er dette i forhold til teieplikt og opplysningsplikt?
  • Kva ønskjer du at leiar skal gjøre?
  • Kvifor er det viktig at du dokumenterer det du har observert?
  • Kva gjer du dersom leiar seier at dette ikkje er noko å bry seg om?
  • Kva gjer du om leiar er borte?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval

Alternativ 3 – Du ringjer barnevernet så fort du får det til. Du fortel alt du veit og ber dei snarast om å gjere noe.

Dette må du tenkje over:

  • Kan du gjere det på denne måten?
  • Har nokon teke opp bekymringa med foreldra?
  • Korleis vil kollegane dine oppfatte det om du ikkje drøftar det med dei først?
  • Sikrar du at alle opplysningane kjem fram på denne måten?
  • Korleis vil leiaren din oppfatte dette?
  • Kva er forskjellen på saksgangen dersom du oppdagar omsorgssvikt som privatperson, og dersom du oppdagar det som tilsett?
  • Kva er så alvorlig at det ikkje kan vente nokon timar, og kva vurdere du som så alvorleg at det må varslast på timen?

Nye refleksjonar?

Ville du grunngitt valet ditt på ein ny måte, eller ville du ha valt annleis? Har du andre idear til korleis ein kan løyse problemet?

Noter nye refleksjonar og gjer evt. eit omval.

CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Yrkesetiske valg