Hopp til innhald

Oppgåve

Live er gravid

Live er 16 år og går første året på vidaregåande. Live har nettopp fortalt på skulen at ho er gravid. Alana jobbar ofte i klassen til Live fordi mange av elevane der har behov for ekstra hjelp med skulearbeidet.

LK06
Jente somser på resultatet etter å ha tatt en graviditetstest. Foto

Alana har møtt Live på fest fleire gonger. Alana drikk aldri alkohol når ho er på ein fest der det er elevar frå skulen. Ho har sett at Live ved fleire høve har drukke alkohol. Ein gong tok ho Live til sides og bad henne om slutte å drikke for å verne barnet, men utan at det hjelpte.

No er Alana i tvil om kva ho skal gjere.

  • Skal ho prate med Live på skulen?
  • Skal ho prate med læraren?
  • Skal ho prate med helsesyster eller andre?

Lag eit rollespel der de prøver ut ulike alternativ. Kva for løysing er den beste?

Kva for ansvar har du som barne- og ungdomsarbeidar i eit slikt tilfelle?

Sist oppdatert 17.01.2019
Skrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass