Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Haldningar til fritidsaktivitetar

I tillegg til å jobbe i juniorklubben, trenar Kristin ei dansegruppe og eit fotballag. Ho merkar at fleire av ungdommane sluttar på organiserte aktivitetar når dei blir tenåringar. Ho er bekymra for dette fordi ho veit at tenåra er ei tid då ein legg grunnlaget for seinare trening.
Barn som spiller fotball. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Kva trur du er årsaka til at mange sluttar?
  • Kva kan Kristin gjere for å endre haldningar til organisert aktivitet?
  • Kan juniorklubben gjere noko for å skape interesse for organisert aktivitet?
  • Prat med nokre ungdommar og finn ut kva som er årsaka til at dei held fram med å trene, eller at dei vel å slutte.

Relatert innhald

Å vere saman med barn på same alder, er positivt for den sosiale utviklinga til barn.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Ungdomsklubben som arbeidsplass