Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Formingsaktivitetar i ungdomsklubben

Stian skal planleggje ein formingsaktivitet for ca. 15 ungdommar. Aktiviteten skal vare i maksimalt éin time, og dei skal lage noko dei kan ta med seg heim.

Klubben har dårleg råd, så Stian prøver å tenkje så økonomisk som mogeleg.

Tenk deg at du er Stian. Planlegg aktiviteten.

Du kan bruke aktivitetskalenderen om du ønskjer det.

  • Tenk gjennom kva du vil gjere, og korleis.
  • Lag ei handleliste.
  • Grunngi vala dine.
  • Del ideane dine med resten av klassen.

Film til inspirasjon:

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Ungdomsklubben som arbeidsplass