Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ved bålplassen

I dag er Sara med 5. klasse på tur i skogen. Dei skal lage bål og grille maten dei har med seg.
Grilling over bål. Mange hender med grillpinnar, nokre med pølser, nokre med pinnebrød og ein pinne med brødskive. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når dei kjem fram, oppstår det ulike situasjonar som Sara må ta stilling til. Beskriv korleis du ville handla.

  1. Amalie tek fram ein kniv og byrjar å spikke på nokre pinnar. Foreldra har sagt at det er greitt at ho har med seg speidarkniven sin på turen.

  2. Dei skal lage eit bål som følgjer reglane for godt brannvit. Kva må Sara og barna ta omsyn til når dei skal lage bål ute i naturen?

    • Kor mykje skal barna delta i å lage bålet?

    • Kvar bør dei hente veden frå?

  3. Nokre av barna har med seg grillpinnar, andre ikkje. Nokre av barna som ikkje har grillpinne, byrjar å knekke kvistar av trea i nærleiken.

  4. Eitt av barna fell og får skrubbsår på kneet.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Skolen som arbeidsplass