Hopp til innhald

Oppgåve

Rasistiske vitsar

Sara er ofte ute saman med elevane i pausane, og ho kjenner godt til kva som går føre seg i barne- og ungdomssgruppene på skulen. I dag høyrer ho Ronaldo fortelje ein vits som ho opplever som rasistisk.

LK06

Slik Sara oppfattar vitsen, er han retta mot asylsøkjararane som bur på mottaket i kommunen.

  • Kva bør Sara gjere?
  • Kvar bør grensa gå når det gjeld å gripe inn det barn seier?
  • Korleis kan Sara finne ut om ho har oppfatta vitsen riktig?

Sara tek ein prat med Ronaldo og forstår at vitsen var rasistisk, men Ronaldo seier at han ikkje tenkte over innhaldet. Han hadde lært vitsen av nokre av dei større barna.

Kva tenkjer du om det?

Sist oppdatert 25.07.2018
Skrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid

Læringsressursar

Skolen som arbeidsplass