Hopp til innhald

Oppgåve

Leander vil og vil ikkje

Leander går i 5 klasse. Kristin og Leander kjenner kvarandre ganske godt, og dei to har blitt veldig gode venner. Leander har lett for å komme til Kristin om han har eit problem, spørsmål eller eit ønske. Denne gongen ønskjer Leander at Kristin skal bli med bort i gymsalen i langefri.

LK06

Kristin tek med 9 barn til og blir med bort i gymsalen. Då dei har vore i der i 10 minutt, vil ikkje Leander vere der lenger. Han slengjer frå seg taua han brukte, og går ut igjen.

Kristin synest det er greitt at barna går når dei ønskjer det, men ho har sagt at alle må rydde etter seg. Ho synest dessutan at det er rart at Leander gjekk, ettersom han var den som var ivrigast på å gå til gymsalen. Ho tek derfor ein prat med han litt seinare på dagen.

Tenk deg at du er Kristin.

  • Kva ville du ha valt å prate med Leander om? Gjennomfør gjerne eit rollespel.
  • Korleis trur du dei andre barna blir påverka av at nokon går utan å seie frå og utan å rydde etter seg?
  • Kva kan årsakene vere til at Leander gjekk. Diskuter to og to.
Sist oppdatert 25.07.2018
Skrive av Wenche Bankhaug Michelsen og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Skolen som arbeidsplass