Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hanne driv med sjølvskading

Hanne er ei 12 år gammal jente som Sara og dei andre på skulen er uroa for.

Fleire gonger har ho komme på skulen med sår som det ser ut som ho har påført seg sjølv. Ho held seg ofte åleine eller saman med Kine, som er to år yngre. Når ho ikkje får viljen sin, kan ho få store raseriutbrot og rope høgt i klasserommet.

I dag er klassen på tur i skogen, og Sara, som er med klassen, observerer at Hanne klengjer på og flørtar med læraren sin.

  1. Korleis bør Sara og dei andre vaksne reagere på dette?
  2. Kven bør dei tilsette snakke med om Hanne sine problem?
  3. Kvifor er det viktig at Sara ikkje prøver å stille ein diagnose på kva som feilar Hanne?
  4. Kvifor må Hanne få hjelp?
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 24.07.2018

Læringsressursar

Skolen som arbeidsplass