Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Harald deltek ikkje i uteleiken

Når Sara er ute saman med barna, ser ho at Harald ofte står for seg sjølv. Det er ingen som er slemme med han, men det er heller ingen som spør om han vil vere med og leike.

Harald er ein stille og roleg gut som aldri tek initiativet til kontakt med dei andre barna. Når dei vaksne prøver å få han med i ein leik, blir han uroleg.

  • Kva bør Sara gjere når ho ser Harald stå der åleine?

Gjennomfør eit personalmøte der de drøftar kva de kan gjere for at Harald skal bli tryggare.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 24.07.2018

Læringsressursar

Skolen som arbeidsplass