Hopp til innhald

Oppgåve

Sara bryr seg

Medan barna og dei vaksne sit rundt bålet og et, skjer det fleire ting. Jan og Kenneth sit ved sida av kvarandre, og dei dyttar kvarandre, ler og søler ut kakaoen. Sara ser også at Karen blir sitjande heilt ute på kanten, eit godt stykke frå dei andre.

LK06

Litt om dei tre barna

Jan og Kenneth er bestevenner. Dei er motorisk svært aktive, og det er ofte mykje moro der dei oppheld seg. Av og til opplever dei vaksne at det blir litt for mykje moro, og at dei andre barna kjem i bakgrunnen.

Karen er ei stille jente som ofte blir gåande åleine. Ho tek sjeldan initiativ til kontakt og har ingen bestevenn på skulen. I organiserte grupper blir ho svært passiv.

Tenk gjennom kva du meiner Sara bør gjere under måltidet.

Kva vil du som barne- og ungdomsarbeidar gjere i ein slik situasjon?

Sist oppdatert 25.07.2018
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Skolen som arbeidsplass