Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sara og barna tek vare på naturen

Når Sara og lærarane tek med seg elevane ut i naturen, ser dei det som ei viktig oppgåve å lære barna reglar for korleis vi skal ferdast i naturen. Dei bruker tid på å lære barna kva som er lov og ikkje lov – det er til dømes berre innanfor visse tidsrom på året at det er lov å brenne bål. Dei lærer også barna at dei skal rydde etter seg før dei reiser heim.

Kva for nokre reglar må Sara og barna følgje dersom dei skal lage mat ute i naturen?

Gå saman i grupper og lag kvar dykkar plakat (eller internettside) om naturvettreglar.

Gruppe 1 lagar ein plakat som er tilpassa 1.–2. klasse.
Gruppe 2 lagar ein plakat som er tilpassa 3.–5. klasse.
Gruppe 3 lagar ein plakat som er tilpassa 6.–7. klasse.

Samanlikn plakatane. Har de klart å tilpasse plakatane til målgruppa?

Korleis kan ein lære barna å rydde opp etter seg ute i naturen?

Tips
Søk gjerne på Internett og sjå kva du kan finne om naturvettreglar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 25.07.2018

Læringsressursar

Skolen som arbeidsplass