Hopp til innhald

Oppgåve

Barna vaskar hendene

Barna i Indianarskogen barnehage slurvar litt med handvasken før mat og etter at dei har vore på do. Personalet synest det er viktig å lære barna gode rutinar for handhygiene.

LK06
Barn som vasker hendene. Foto

Aleksander har fått ansvaret for å planleggje og gjennomføre eit opplegg som skal betre rutinane for handhygiene.

Tenk deg at du er Aleksander, og svar på desse spørsmåla:

  • Kva er gode rutinar for handhygiene?
  • Korleis vil du lære barna i barnehagen god handhygiene?
  • Kva er det viktig at små barn veit om handhygiene?
  • Korleis kan ein forklare kor viktig det er å ha god handhygiene?
  • Korleis kan du og dei andre vaksne i barnehagen vere gode rollemodellar?

Gruppeoppgåve

Planlegg ein presentasjon om handhygiene som passar for ei spesiell aldersgruppe. De vel sjølv presentasjonsform. Gjennomfør presentasjonen for ei gruppe barn eller for gruppa di.
Vurder presentasjonen når de har gjennomført han, og drøft om de nådde dei måla de hadde for presentasjonen.

Sist oppdatert 11.01.2019
Skrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass