Hopp til innhald

Oppgåve

Linnea jobbar med rammeplanen

Linnea synest det er viktig å forstå kva for føringar lover og reglar gir for arbeidet i barnehagen. Ho bruker tid på å halde seg fagleg oppdatert.
Av og til synest ho det er vanskeleg å forstå språket i slike dokument, og då ber ho ein av barnehagelærarane om hjelp.

LK06
To barn som lager mat. Foto.

Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen (2017)

"Barnehagen skal ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar."
(Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 11)

I verdigrunnlaget om berekraftig utvikling i rammeplanen står det:
"Barna skal lære å ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen. Berekraftig utvikling omfattar natur, økonomi og sosiale forhold og er ein føresetnad for å ta vare på livet på jorda slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor ei viktig oppgåve i å fremje verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn."
(Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 10)

Del 1

Gjennomfør ein kafédialog.

  • Bord 1: Korleis kan kosthaldet i barnehagen vere helsefremjande?
  • Bord 2: Korleis kan kosthaldet i barnehagen vere førebyggjande?
  • Bord 3: Korleis kan kosthaldet i barnehagen vere med på å jamne ut sosiale forskjellar?
  • Bord 4: Korleis kan ein bruke måltida i barnehagen til å skape kunnskapar og ferdigheiter som byggjer opp under ei berekraftig utvikling?

Del 2

Bruk rammeplanen for barnehagen og sjå kva meir du kan finne om kosthald.

Kjelde


Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen: Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. Henta frå https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/

Sist oppdatert 03.09.2020
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass