Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ikkje-verbal kommunikasjon

Her kan du lese om ikkje-verbal kommunikasjon. Ikkje-verbal kommunikasjon blir òg kalla kroppsspråk. Kroppsspråket består av rørsler, gestar, smil, tårer, påkleding, sminke og så vidare.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Ein ung mann og ei ung kvinne står ein meter frå kvarandre framfor ein vegg. Begge har armane i kryss og ser vekk frå den andre. Foto.

Ikkje-verbal kommunikasjon – kroppsspråk

Språket er berre eitt av mange virkemiddel som vi bruker når vi kommuniserer med kvarandre. Stemme, blikk, ansiktsuttrykk, gestar og kroppsrørsler, berøring og fysisk avstand er andre middel vi tek i bruk for å få fram bodskapen i det vi ønskjer å formidle. Det er desse ikkje-verbale verkemidla vi skal ta for oss her.

Bilete av ein sint mann på telefon.
Dårleg kommunikasjon?

Stemma

Vi kan variere bruken av stemma på mange måtar for å understreke bodskapen vi ønskjer å få fram. Vi kan variere

  • styrke (sterk/svak)
  • tonefall (stigande/synkande)
  • tempo (raskt/sakte)
  • pausar (korte/lange)
  • klang (hard/mjuk/monoton osv.)
  • rytme (rask/roleg/stotrande osv.)

Blikket

Blikket gir viktig tilleggsinformasjon om den bodskapen sendaren formidlar til mottakaren. Mottakaren, på si side, må tolke kva sendaren fortel med blikket sitt. Nedanfor finn du nokre funksjonar som blikket kan ha i kommunikasjon:

  • gi informasjon
  • regulere samværet mellom menneske
  • uttrykkje nærleik eller intimitet
  • utøve sosial kontroll
  • gjere det lettare å gjennomføre ei oppgåve
  • gjere narr av nokon
  • vise at ein lyttar og følgjer med

Ansiktsuttrykk

Alle har vel erfaring med at ansiktsutrykket uttrykkjer kjensler og avslører korleis ein person tolkar og forstår opplevingar. Her finn du nokre kjensler som vi menneske langt på veg uttrykkjer meir eller mindre på same måte ved hjelp av ansiktsuttrykk:

  • sorg
  • glede
  • forundring
  • sinne
  • frykt eller redsel

Gestar og kroppsrørsler

Ofte ser vi at folk rører på hovudet, dei nikkar, held hovudet på skakke eller ristar på hovudet når dei snakkar med nokon. Noko liknande ser vi også med handrørsler. Enkelte ser nesten ut til å vere avhengige av å bruke hendene for å skildre eller understreke det dei fortel. Du kan lese meir om dette ved å kikke i lenkjesamlinga.

Klede, hår og sminke

Måten vi kler oss på, sminkar oss på, og måten vi har håret vårt på, kommuniserer kven vi er, og kva gruppe vi høyrer til. Dersom du arbeider på eit hotell eller på ein kjøtbutikk, har du truleg spesielle klede som viser at du jobbar der. Det varierer om arbeidsplassen har uniform eller ikkje. På stader der du kan gå i privatklede, kan det oppstå diskusjonar knytt til kva ein kan ha på seg og ikkje, nettopp på grunn av at klede kommuniserer.

Å kle seg på ein akseptabel måte er ein del av det å vere profesjonell, men som nytilsett er det ikkje alltid like lett å vite kva som blir rekna som akseptabelt og ikkje. Ein samtale med dei andre tilsette gir vanlegvis eit bilete av kva som blir forventa.

Utfordringar til deg:

  1. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?
  2. Gå saman og bruk stemma på ulike måtar – som skildra ovanfor.
    Kva nytte kan du ha av å bruke stemma på ulike måtar når du jobbar?
  3. Bruk blikket til å signalisere kva du føler. Klarer resten av gruppa å tolke deg?
    Kva nytte har du av å kunne tolke blikk?
  4. Bruk ansiktsuttrykk til å signalisere kva du føler. Klarer resten av gruppa å tolke deg?
    Kva nytte har du av å kunne tolke ansiktsutrykk?
  5. Finn døme på gestar og kroppsrørsler som blir brukte i kommunikasjonssituasjonar.
  6. Bruk biletet "Måtar å kommunisere på". Diskuter kva de kan finne ut om personen på biletet berre ved å sjå på kleda. Diskuter farar ved å setje personar i bås etter utsjånad og påkleding.
Teikning av fleire menneske på ein kafé. Til venstre i biletet er det ein mann med skulderveske og hendene i lomma. Han har lyseblå overdel, mørkeblå bukse og blå lue eller blått hår. Han står saman med to kvinner. Den eine har lyseblå bruka. Den andre har høg hestehale, blå, lang kåpe og lyseraudt skjørt. Ho har òg hendene i lomma. I framgrunnen jobbar ein ung mann med grøn t-skjorte og halvlangt hår på ein berbar PC. Midt i biletet sit ei kvinne i raud, kort kjole, med langt, bølgjete lyst hår og tek på leppestift framfor ein lommespegel. I bakgrunnen sit ein mann med lysebrun hatt og frakk og les avis ved eit kafébord. Ei kvinne med grønn kåpe og lilla handveske står og snakkar i mobiltelefon. Illustrasjon.
Måtar å kommunisere på
Sist oppdatert 22.05.2020
Tekst: Kjell Arne Standal og Guri Bente Hårberg (CC BY-NC-SA)

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging