Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Einvegs- og tovegskommunikasjon

I ein kommunikasjonssituasjon er det nokon som sender informasjonen, og nokon som tek imot han.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Kommunikasjon. Illustrasjon.

Hugselappen:

  • Kommunikasjon kjem av det latinske ordet communicare, som tyder "å gjere felles".
  • Kunnskap om og ferdigheiter i kommunikasjon er viktig for alle som skal arbeide med menneske.

Dersom informasjonen flyt berre den eine vegen, frå sendaren til mottakaren, seier vi at vi har med einvegskommunikasjon å gjere. Dersom det er mogeleg for mottakaren å stille spørsmål eller på andre måtar sende informasjon tilbake, seier vi at vi har tovegskommunikasjon.

Einvegskommunikasjon

I situasjonar med einvegskommunikasjon har vi ein aktiv sendar og ein passiv mottakar. Fordelen med einvegskommunikasjon er at informasjonen raskt kan nå ut til mange utan å bli avbroten. Den største ulempa er at mottakaren ikkje kan spørje om ting han lurer på. Det kan føre til at bodskapet ikkje blir forstått.

Einvegskommunikasjon skjer gjennom aviser, TV, video, talar og kommandoar. Tidlegare var aviser og TV berre einvegskommunikasjon. I dag ser vi at nettaviser i større grad lar lesarane stille spørsmål og kommentere, og i mange TV-program kan du og eg ringje inn eller sende meldingar som kjem på skjermen.

Klappande publikum framfor ein som held tale. Foto.

Ein tale er eit døme på einvegskommunikasjon: Den som held talen er sendaren, og talen er bodskapen. Publikumet er mottakarane, og dei tolkar bodskapen – ofte med lita eller inga moglegheit til å spørje om ting dei lurar på undervegs.

Tovegskommunikasjon

Det som kjenneteiknar tovegskommunikasjon, er ein aktiv sendar og ein aktiv mottakar. I tovegskommunikasjon vekslar deltakarane på rollene som sendar og mottakar. Fordelen med tovegskommunikasjon er at det er mogeleg å oppklare mistydingar og kome fram til ei felles forståing.

Når du som fagarbeidar ønskjer tovegskommunikasjon, bør du syte for å

  • gi rom for tilbakemeldingar
  • ta omsyn til kva du og mottakaren forventar av situasjonen
  • skape ei felles forståing for situasjonen
  • vere merksam på både verbalt og ikkje-verbalt språk
Unge menneske som snakkar saman i gruppe. Foto.

Ei studiegruppe er eit døme på tovegskommunikasjon: Personane byter på å vere sendar av ein bodskap og mottakar som tolkar bodskapane frå dei andre på gruppa. Sånn er det enklare å kome fram til ei felles forståing av ei sak.

Utfordringar til deg:

  1. Tenk deg ein situasjon der du sjølv er sendar – til dømes på eit kjøkken der de skal planleggje til eit stort selskap. Du er leiar. Korleis kan du syte for at det blir tovegskommunikasjon om til dømes fordeling av arbeidsoppgåver?
  2. Lag ei oversikt som viser fordelar og ulemper med einvegs- og tovegskommunikasjon.
  3. Kvifor kan det oppstå mistydingar òg i tovegskommunikasjon?
Sist oppdatert 22.05.2020
Tekst: Guri Bente Hårberg og Kjell Arne Standal (CC BY-NC-SA)

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging