Hopp til innhald

Yrkesfagleg fordjuping (IM-IKM vg1)

Regelverk og etikk

Vi som arbeider innan IT eller media, må vere profesjonelle og følgje gjeldande lovverk og dei etiske normene i bransjen. Vi har våre eigne rettar, men også plikter vi må følgje. Det er mykje å halde orden på. Heldigvis finst det mange ressursar som kan hjelpe oss å forstå lovverket og normene.

HMS (helse, miljø og sikkerheit)

Elevar, lærlingar og tilsette har rett til eit trygt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø. For elevar blir dette regulert av opplæringslova, for tilsette av arbeidsmiljølova. Helse, miljø og sikkerheit krev godt samarbeid mellom lærarar og elevar, arbeidsgivar og tilsette.