Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Digitale medium

Det som særleg karakteriserer digitale medium er at det skriftlege, visuelle, auditive og audiovisuelle smeltar saman og må behandlast under eitt. Tekst, grafikk, foto, lyd og levande bilete kan alt digitaliserast og overførast til ulike medium.

Mobiltelefon med bilde av en jente som har sosiale medier i en tankesky. Foto.

Konvergens

Datamaskinane og nyare mobiltelefonar handterer alle desse media. Grensene mellom radio, fjernsyn, Internett og mobiltelefon er ikkje så tydelege som dei var før. På ein multimedietelefon, slik som til dømes iPhone, har vi tilgang til alle desse media på éin stad. Dette fenomenet blir kalla konvergens; medium smeltar saman.

Frå broadcasting til broadcatching

Konvergensutviklinga er ikkje fullførd før media er fullt ut integrerte. Med den såkalla breibandteknologien (datanett med svært høg kapasitet) fungerer lyd- og bileteterminalen som kombinert data- og tv-skjerm.

Nettet gir til dømes plass til e-post, pratekanalar og diskusjonsgrupper, avissider, musikk, spelefilmar og radio- og tv-utsendingar innanfor eit felles estetisk uttrykk. Vi har, med Nicholas Negropontes (1995) ord, gått frå broadcasting til broadcatching.[1]

Frå "push" til "pull"

I staden for passivt å ta imot sendingar som blir kringkasta frå ein avsendar, kan vi no aktivt oppsøkje og velje det som vi sjølve ønskjer å sjå og høyre; dei smale interessene finst også på nettet. Nokon har kalla overgangen frå passiv mottakar til aktiv deltakar for ein overgang frå «push» til «pull»:

"Nettet sin hentemodus har tradisjonelt stått i opposisjon til etermedia sin sendemodus, «push» og «pull». Til pull-media kjem lesaren med ein bestemt motivasjon. Brukaren har eit spørsmål og søkjer eit svar […] I push-media er det annleis: Nokon har ein bodskap og søkjer eit publikum, eller - om ein vil – nokon har eit produkt og søkjer ein marknad."[2]

Reklamen har vore eit tradisjonelt push-medium. Med dagens teknologi kan brukarvanane ofte kartleggjast. Såkalla informasjonskapslar, cookies som legg seg inn i mottakarane sine datamaskinar, kan sende meldingar tilbake til avsendaren om kva nettstader brukaren oppsøkjer, slik at også reklame på nettet kan skreddarsyast til brukaren, noko som kommersielle interesser har tatt i bruk.

Frå analog til digital

Trykkeri. Foto.

Trykkeri med blysats

Dei digitale media blir kjenneteikna ved at dei nyttar binære signal, det vil seie signal med to nivå: straum eller ikkje straum, oftast markert med tala 1 eller 0. Eit digitalt signal er derfor diskontinuerleg, det består av eit endeleg tal nivå (som trinn i ei trapp) i motsetning til eit analogt signal, som er trinnlaust, kontinuerleg.

Digitalisering innanfor tradisjonelle media har allereie vore i full gang lenge. Digitale ur kan ofte også vise ei analog urskive. CD-spelaren, som kom i 1980-åra, byggjer på at musikk kan representerast som einarar og nullar, det vil seie digitalt. Digital tekstframstilling har for lengst gjort typografane, som brukte støypte blytypar i trykkeria, arbeidslause.

Kinofilmane blir no digitale og kan sendast ut frå ein sentral til dei lokale kinoane. Dei kan kjøre filmane kort tid eller lengre tid etter som publikumsinteressa tilseier. Dei treng ikkje lenger sende filmrullane til andre brukarar.

Digitalisering fører til konvergens, ulike filer kan kjørast på dei same plattformene, som vi har sett.

Skjermtekst

Skjermtekst er tekstar som blir produserte, distribuerte og lagra som talkodar, altså digitalt. De blir fullt meiningsberande berre når dei blir avlesne på dataskjerm.[3]

Slike tekstar kan utnytte viktige mediespesifikke verkemiddel: Ikkje berre digitalitet, men hypertekstualite, det vil seie at det mogleg å linke til andre tekstar, bilete og filmar, og interaktivitet, som er at det blir mogleg for mange aktørar til å delta samtidig. Multimedialitet, som gjer det mogleg å bruke fleire media samtidig er også spesifikt for digitale medium.

Navigering og surfing

Eit nytt uttrykk er blitt vanleg: ein må navigere på nettet, det er som å segle ein båt i open sjø, der det heile tida kan dukke opp nye interessante landskap og skjer ein skal halde seg unna. Det er forskjell på navigering og surfing; med navigering har du eit mål, med surfing berre flyt du av stad den vegen bølgjene går. Det gjeld også på verdsveven , world wide web.

  1. 1«Tekst.no: strukturer og sjangrer i digitale medier». Schwebs, Ture Otnes, Hildegunn. Fagbokforlaget. 2006.
  2. 2«Tekst.no: strukturer og sjangrer i digitale medier». Schwebs, Ture Otnes, Hildegunn. Fagbokforlaget. 2006.
  3. 3«Tekst.no: strukturer og sjangrer i digitale medier». Schwebs, Ture Otnes, Hildegunn. Fagbokforlaget. 2006.
Sist oppdatert 10.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar