Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nye medium, nye moglegheiter

Internett har endra medievanane våre, ikkje minst når det gjeld brevskriving og bruk av telefon. Vi skal ta med nokre døme: e-post, SMS, diskusjonsgrupper, nettsamtalar (chatting), dataspel og sosiale medium.

Nye medier. Foto.

Historia har vist oss at tale overlevde skrifta, handskrifta trykkjekunsten, boka overlevde radio og tv, måleriet overlevde foto, foto overlevde levande bilete og radioen overlevde fjernsynet. Dei gamle kommunikasjonsformene blir ikkje borte, men bruken av dei endrar seg når vi får nye medium. Internett er blitt et supplement til alt det andre, og har endra våre medievanar drastisk, og sosiale medium har utfordra alle tradisjonelle medium.

E-post

E- post har endra kommunikasjonsvanane våre innanfor utdanning, arbeidsliv og privatliv. Det er ei rask og effektiv kommunikasjonsform. Det er enkelt å nå enkeltpersonar eller mange på éin gong, til dømes ved å bruke distribusjonslister. På sett og vis har e-posten medverka til ein renessanse for brevskriving. Vi utvekslar e-brev med fleire og oftare, men sannsynlegvis kortare. Vi ventar ofte rask respons. Dette kan utløyse stress fordi det i løpet av kort tid «dett inn» mange brev som krev oppfølging samtidig.

Stilen i e-post er meir munnleg og uhøgtideleg enn i vanlege brev; det er til dømes vanleg å bruke fornamn. Vi kan lufte tankar utan at det verkar altfor pretensiøst, vi kan gjere avtalar med korte fristar, idear kan utvekslast raskt. E-brevet kan lagrast, mangfoldiggjerast og sendast vidare utan store kostnader. Det blir datert og tidfest automatisk.

Det er lett å kommentere enkeltavsnitt frå avsendaren. Vi kan sende fleire kompliserte vedlegg og kan leggje inn bilete og hypertekstar, det vil seie tilvisingar til andre nettstader. Men e-posten er ikkje så sikker som vanleg post der brevet ligg i ein gjenlimt konvolutt. Hackarar, eller datasnokar, kan lett lese slike brev.

E-postar blir gjerne til i full fart, uten at kvart ord er «vege på gullvekt». Det kan derfor vere lett å såre nokon eller føre til misforståingar, fordi lesaren lever i ein annan kontekst, språkleg og kulturelt, og legg kanskje ikkje same tydinga inn i dei orda som blir brukte.

Alle brukarar av e-post opplever også å få uønskt e-post, såkalla spam. Frå 1. mars 2001 blei det ulovleg å sende reklame og informasjon via e-post til forbrukarar som ikkje har gitt løyve til det.

SMS

Meldingar som blir sende med mobiltelefon, såkalla SMS (short message service) hadde frå først av ei maksimumsgrense på 160 teikn. Sjølv om det ikkje lenger er ei slik avgrensing, blir slike meldingar ofte korte. Vi brukar ufullstendige setningar, såkalla telegramstil.

Forkortingar som GID (glad i deg) D (det), R (er) er vanlege. Tekstmeldingar har blitt svært vanlege, mest blant ungdom. I 2000 sende ungdom mellom 15 og 19 år 90 prosent av alle tekstmeldingane.[1] Men i 2011 begynte ein for første gong å sjå ein nedgang; Instagram, Snapchat og andre sosiale medium hadde tatt over. Allikevel blei det sendt 3.2 milliardar tekstmeldingar i Noreg i løpet av første halvdel av 2012.

Diskusjonsgrupper

Internett gjer det også mogleg å delta i diskusjonsgrupper. Det er ei form for mange-til-mange-kommunikasjon. Nokre diskusjonsgrupper er knytte til ein institusjon og ligg på nettstaden til institusjonen eller organisasjonen. Det gjer det mogleg med ein oversiktleg diskusjon, gjerne lukka for utanforståande. Ein stor del av diskusjonsfora ligg utanfor veven, som til dømes Usenet. Desse har no i stor grad blitt erstatta av web-baserte diskusjonsgrupper.

Chatting

Det finst fleire program som gjer det mogleg med samtidig kommunikasjon på nettet. Chatting er ei form for nettsamtalar. Sjølv om desse skjer skriftleg, er det mykje som minner om det munnlege. Det viktigaste er nettopp det samtidige (synkronitet). Alle som er med på samtalen, aktørane, må vere på nettet samtidig. Her skil nettsamtalen seg frå e-post og diskusjonsgrupper.

Med fleire program kan ein faktisk «skrive i kor». Deltakarane treng ikkje vente til den andre er ferdig med å skrive, dei kan komme med tilbakemeldingssignal undervegs. Replikken kjem fram etter kvart som han blir produsert, og mottakarane kan «blande seg inn». Denne forma minner om ein vanleg samtale.

Dataspel

Dataspel er skjermtekstar der spelelementet er det overordna. I tradisjonelle spel er det oftast eit sett av reglar som bestemmer korleis spela skal spelast. I dataspel kan ein del av strukturane vere skjulte, ofte kjenner ikkje spelaren reglane på førehand. Utfordringa kan vere å finne ut kva slags reglar som gjeld.

Dataspelet er sannsynlegvis ein av dei mest hybride skjermtekstane. Det kan innehalde både forteljing, leik, konkurranse og kunnskapsstoff. Det som gjer dataspelet ekstra interessant i eit tekstperspektiv, er dei språklege og litterære elementa, som til dømes narrasjon (forteljing), personskildring og forteljarposisjon.[2]

PC-spill-forskning

Sosiale medium

Meir enn noko anna har sosiale medium utfordra dei tradisjonelle, og dei har påverka måten vår å kommunisere på. I 2013 melde NTB at Facebook hadde 1,15 milliardar brukarar verda over.

Les meir

Sosiale medium og nettkommunikasjon

Sosiale medium endrar kommunikasjonen

Netikette

Etter kvart har det også blitt vanleg å ta omsyn til sosial og vanleg høfleg åtferd på nettet, såkalla netikette, etikette for nettbruk, det er normer og konvensjonar for denne typen kommunikasjon. Det er til dømes ikkje god tone å bruke STORE BOKSTAVAR i e-postar. Det blir som å rope høgt.

Ein god regel for netikette er å ikkje formidle anna på nettet, verken skriftleg eller ved bruk av bilete og filmsnuttar, som ein ikkje kan formidle til andre mens adressaten er til stades. Ein bør alltid tenkje på at alt som kjem på Internett er offentleg, tilgjengeleg for kven som helst.

Det er viktig å tenkje på personvern når ein er på nettet. Sjikane, truslar og spreiing av andre sine personopplysningar på Internett kan vere straffbart.

  1. 1«Tekst.no: strukturer og sjangrer i digitale medier». Schwebs, Ture Otnes, Hildegunn. Fagbokforlaget. 2006.
  2. 2«Tekst.no: strukturer og sjangrer i digitale medier». Schwebs, Ture Otnes, Hildegunn. Fagbokforlaget. 2006.
Sist oppdatert 11.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar