Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ein del av verkelegheita

Medium har vore i stadig endring. Her skal vi sjå litt på korleis nyheiter og anna stoff blir til, og særleg setje fokus på kva som er mogleg og kva som set grenser for nyheitsmedium.

Gry Blekastad Almås og Jon Gelius i NRKs nyhets-studio. Foto.

Dagsrevyen på NRK er den mest sette TV-nyheitssendinga i Noreg. Her skal Gry Blekastad Almås og Jon Gelius lose sjåarane gjennom sendinga.

Vi har teke for oss skriftlege medium, visuelle medium, auditive medium, audiovisuelle medium og digitale medium. Samtidig har vi også brukt eit visst historisk perspektiv. Mange spådde at trykt tekst ville føre til at handskrifta skulle forsvinne og at fjernsynet ville utkonkurrere radioen etc.

Medium og nyheiter

Medium kjem alltid berre med ein del av verkelegheita. Eit døme på dette får vi her frå den dansk-tyrkiske forskaren Ferruh Yilmaz, som beskriv opplevingane sine med ein dansk pressefotograf i Tyrkia.

Døme

Yilmaz og fotografen hadde teke seg ein tur på ein av marknadene i byen. Plassen var dominert av kvinner med vestleg klesdrakt. Men sidan det var marknadsdag i byen, var det også fleire kvinner med meir tradisjonelle klede som var komne inn frå landsbyane for å selje frukt og grønnsaker.

Det viste seg at pressefotografen nesten berre tok bilete av kvinner med tradisjonelle klede, sjølv om kvinnene med vanlege vestlege klede var i fleirtal og prega bybiletet. «Var dette den verkelegheita du såg,» spurde Yilmaz. Fotografen svarte: «Nei, det er jo ikkje det, men elles kan ein ikkje sjå at bileta er frå Tyrkia».[1]

Dømet viser oss eit viktig poeng ved alle media: skriftlege, munnlege og visuelle: Det er berre ein del av verkelegheita vi får innsyn i gjennom medium. Det er viktig å lære seg opp til ei mediekritisk haldning. Kva skriv journalistane? Kvifor skriv dei akkurat dette og ikkje noko anna? Kven er den som skriv? Kva slags bilete ønskjer han eller ho at du skal sitje igjen med?

Kva vil forfattarane med tekstane sine? Ver kritisk til det du les, det du ser og høyrer. Alle kommunikatorar ønskjer å oppnå noko med det utsnittet av røyndommen som dei formidlar.

Nyhetskriterium - KVISA

Journalistar vil gjerne formidle ei nyheit. Men kva er nyheit? Her er fem klassiske nyhetskriterium som er lista opp av den danske journalisten Mogens Meilby. Dei kan samanfattast med forkortinga KVISA.

Konflikt

Strid mellom personar og interesser er ofte godt stoff. Konflikten innheld gjerne eit dramatisk element, noko som gjer folk nysgjerrige og gjer det mogleg for lesaren å velje side og identifisere seg med den eine parten.

Vesentleg

Ofte handlar samfunnsviktige nyheiter om svært generelle og fjerne hendingar og problem, som ikkje straks inneheld nyheitsverdi sett med mottakaren sine augo. Under behandlinga av stoffet kan dei likevel tilførast noko som kan skape interesse, tildømes meir identifikasjon, ved å leggje inn døme eller påvise konsekvensar for mottakarane. Journalistar kan også gjere sitt beste for å tilføre uvesentlege hendingar noko vesentleg ved å setje dei inn i ein breiare samfunnsmessig samanheng som viser kva dei betyr.

Identifikasjon

Omtale av personar, stader og emne i mottakaren sin kulturelle nærleik, interesse for eliten og personifisering, dessutan relevans, først og fremst i form av konsekvensar for mottakaren, blir gjerne trekte fram. Identifikasjon handlar om kjensler, særleg gjenkjenning og gjensidig tilknyting eller fellesskap, og dertil kva mottakaren kan bruke ei nyheit til i kvardagen sin.

Sensasjon

Noko uventa og usedvanleg er som regel godt stoff. Avvik frå det daglegdagse og normale er ting som vi likar å lese om.

Dominique Strauss-Kahn vart pågrepen i 2011. Foto.

Det var en sensasjon i 2011 da Dominique Strauss-Kahn var pågrepen

Aktualitet

Hendingar som nettopp har skjedd eller kjem til å skje i nærmaste framtid, gjerne noko som kan ventast å bli eit utbreidd samtaleemne, vil ein gjerne skrive om. Det som inntreffer plutseleg og dramatisk har høg døgnaktualitet, og jo tettare på «deadline» hendinga skjer, dess betre.

Nyheitsverdien avheng av kor mange kriterium som er oppfylte. Han er også avhengig av medietypen og samansetninga av mottakarane. Sensasjon, konflikt og interesse for skodespelarar og kongelege er viktige for vekeblad. Lokalaviser satsar på nærleik, mens radioen legg vekt på aktualitet. Fjernsynet kan illustrere dagsaktuelle hendingar. Dei elektroniske media konkurrerer med dagsavisene. Dei har gjort det mogeleg med nesten simultan nyheitsformidling, mens dagspressa eller vekepressa kan vie plass til kommentarartiklane.

Les meir

Les om fleire kriterium i artikkelen Nyheitskriterium

Strukturering av nyheita

Ein omvend pyramide der overskrifta ligg øvst, så ingressen, avsnitt 1 og 2. Illustrasjon.

Nyheitsoppslag startar ofte med det viktigaste først og så det minst viktige til slutt.

Sjå for deg ein omvend pyramide. Her ser vi for oss at det viktigaste kjem først i nyheitsoppslaget. I tilfelle noko må klippast bort, blir det dette som regel gjort mot slutten. Dermed blir hovudoppslaget ståande igjen.

Ein brukar ofte forkortinga APUS for å karakterisere den vanlegaste dramaturgien i eit nyheitsoppslag.

  • A = Anslag (tema og vinkling presentert)
  • P = Presentasjon (gir svar på dei spørsmåla som er vesentlege)
  • U = Utdjuping (nyheita blir belyst med fleire vinklingar)
  • S = Slutt (oppsummering av nyheita)

Les meir

Du finn meir stoff om APUS i denne artikkelen: APUS

Nyheiter på nett

Nettet skapar nye moglegheiter for nyheitsformidling. Til dømes kan ein lenkje nyheiter med same tema, slik at lesarane kan få ein "tråd" i oppslaget (setje seg inn i forhistoria eller kontinuerleg oppdatere seg), eller lese seg opp på liknande tema. I tillegg kan formidlinga skje ved lyd- og filmklipp. I kommentarfelta kan ein sjå kva andre lesarar meiner og sjølv gi tilbakemelding både til journalisten og andre lesarar.

  1. 1«Grundbog i kulturforståelse.». Jensen, Iben. 2005.
Sist oppdatert 16.01.2019
Skrive av Øyvind Dahl

Læringsressursar

Medium

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar